Karl Seglem @ Studio Spornes
Søndag 27. Juni 2021 kl 14oo åpnes porten til festivalhagen vår. Gå ikke glipp av denne fantastiske og stemningsfulle konserten! Både jazz- og folkemusikk utøver på høyeste nivå! Husk at det er få billetter i salg pga Covid-19. Kjøp billett HER

KARL SEGLEM
er etablert som ein av Norges mest sentrale folkjazzmusikarar og har over lang tid fått svært gode kritikkar, tilbakemeldingar, publikumsrespons for sine utgjevingar og konsertar i nasjonal og internasjonal musikkpresse. Hans kunstneriske virke blir stadig omtalt som einestående og unikt også i internasjonal samanheng. Ved utgjevinga av albumet Som spor (2014) skreiv Aft.posten:"Karl Seglem er en musikalsk nasjonalskatt" og "Han har frigjort seg fra etablerte koder og gått sin egen vei" Aftenposten Jan.2017.
Den tyske avisen Süddeutsche Zeitung skreiv dette etter en konsert i Puchheim (DE): "– Musikken hans minner om opne, sterke landskap, om revna fjell framom ein mørk horisont og om skummande hav i stormen. Tonen hans er som skuggar i ein seinsommarkveld med pulserande lys frå ei låg sol. Videre vart eg samanlikna med genuine storheiter som Brian Eno og John Coltrane og konsertane hans vart skildra som lange musikalske reiser i heimlandet Norge - og i jazzhistorien"
Seglem har vore frilanskunstnar sidan 1985 og har som komponist, musikar og poet arbeida kontinuerlig med å skape eit eige uttrykk i musikalske grenseland. Med utgangspunkt i norsk folkemusikk og eigne komposisjonar, vert norsk musikalsk arv fornya gjennom ulike lydbilder der tradisjonane er tydelege. Musikken framstår i eit moderne oppdatert og banebrytende lydbilde. Fleire kritikarar strekar under det innovative i hans musikk. Nysgjerrigheten og lytteøyra har også vore knytta til hans bukkehornspel. Dette instrumentet framstår kanskje som eksotisk men med eit musikalsk potensiale som gjer hans kunstnerskap og konsertar til noko anna.
Som solo-artist hentar Seglem stoff frå ei lang karriere og inkorporerer også poesi frå 3 utgitte poesisamlingar. Det blir ei intim "nedpå" stund med akustisk hjarte og litt bruk av elektroniske klangflater. Tenorsax, diverse bukkehorn, stemme. Låtar, poesi, improvisasjon -
Det finnes fleire norske musikarar som har arbeida med folkemusikk og jazz på ulike måtar, men det er svært få - om nokon andre, som så systematisk og over tid har utvikla dette grenselandet inn i eit nytt og eige uttrykk. Seglem mottok Buddyprisen i 2010 og Egil Storbekkens musikkpris og Nopa pris for årets verk Som spor i 2012.
Hans musikk finst på dei fleste flater der du lyttar på musikk. Han har gjeve ut 39 album.